I november viser vi tre svært ulike filmar, og med forskjellig ramme rundt. 
Først ut er den prisvinnande “SAULS SØNN” frå 2015. Dette er eit mesterleg drama med handling ifrå Auschwitz. Ein film som utspeler seg som ein intens thriller, om kampen for å overleve - ikkje berre rent fysisk, men og kampen for å bevare si menneskelegheit. Visast på Filmsalongen 03.11 kl. 1930. Sjå eigen hending/event:https://www.facebook.com/events/330533493978981/. Serverast te og kaffe før filmen. 

sauls sønn november

Copyright: Star Media Entertainment
Veka etterpå, fredag den 11.11, kjem Høgskulen i Volda på besøk, men framsyninga er sjølvsagt også open for andre - dvs nye og gamle medlemmar. De kan då sjå “ALIENS” frå 1986, presentert av Høgskulelektor under fana “Feministisk filmteori”. Dette er nemleg ein av dei første kvinnelege actionheltane i filmhistoria! Utvilsomt ein av 80-talets beste actionfilmar, og slår dei fleste av nyare actionfilmar ned i støvlane. Så er du glad i blandinga kvinne-kraft (girl-power), action, science-fiction og skrekk, då er du komen på rett plass!. Ei noko forsinka allehelgensmarkering fungerer det og som. Aldersgrense 18 år. 

aliensnovmeber

Copyright: 20th Century Fox 


To dagar seinare er det søndagsfilm for vaksne og gjerne yngre også, med dramakomedien “LITTLE MISS SUNSHINE” kl 19.30. Dette er ein herleg film om ein dysfunksjonell familie som drar ut på reise i buss for å delta på venleikskonkurranse for minstejenta. Denne filmen er både rørande og ganske så hysterisk morosam. 

little miss sunshine

Copyright: SF Norge 

Vi kan ikkje anna enn å anbefale alle tre! :)