de dødes tjern 2

No er det berre få dagar til UTEKINO på Hjørundfjord Filmteater. Vermeldinga er god, og alt ligg til rette for ei stor og minnerik kulturoppleving. 
Litt praktisk: Dei som har tenkt seg på framsyninga gjer vel i å ta med seg korrekt utstyr til ein utekino i Gunnarråsa, det vil seie turkopp, suppeskål, skei, klede, hovudlykt, sitteunderlag/sovepose. Sistnemnte kan og fungere som dekning, om det vert for skummelt. 

Hugs at aldersgrensa er 15 år. Det kostar 50 kroner for billett, og om du ikkje er medlem, er medlemsskap 50 kroner. Gjer vel å ta med kontantar til billett og forfriskningar.