I 2006 fekk Ann Helene Wille og Ingvild Åmbakk idéen om å skape ein sosial treffstad på Sæbø.

Etter 10 sesongar med mykje aktivitet har dei no sagt frå seg ansvaret for strikkekaféen, men strikkekafé må vi ha og damene på Sæbø og i Bondalen skal nok klare å halde den gåande.

Strikkekafe6

På strikkekafèen serverer vi eit enkelt måltid laga på dugnad/på omgong av "medlemane". Strikkekafèen betalar råvarene, vi betalar ein liten sum for maten vi et (ca. kr. 50,-) og overskotet frå salet går til delbetaling av julebord i desember, blåtur om våren og gevinstar til lokale lag og organisasjonar. 

Mange flotte ulltepper er laga på dugnad og gitt vekk til basarar.

Ingrid Salt - Volda Mode

Strikkekafèen likar å få besøk og vi inviterer gjerne garnbutikkar og andre strikkekaféar. Det er kjekt å få inspirasjon frå andre og kvarandre.

Kaker

Strikkekaféen betalar ikkje husleige til bedehuset, men bidreg med gode kaker når bedehuset har arrangement. Eit rikhaldig kakebord på Påskekafé, loppemarknad og julemesse er det for det meste damene på strikkekaféen som står for. Dei er med andre ord svært viktige for å kunne halde det flotte bedehuset vårt i god stand.

Ellers dryp det, som nemnt, også på andre lag og organisasjonar som har fått gevinstar frå strikkekaféen.

Julebord

Før jul har vi brukt å halde julebord oppe i storsalen på bedehuset. God mat vert tinga frå hotell eller liknande, nokre gonger har vi leigt inn underhaldning, andre gongar underheld vi sjølve. 

Nissebesøk

Det kjekkaste med julebordet er sjølvsagt gåveutdelinga.

Kvar gjest kjøper, eller lagar, ei lita gåve til ein annan. Den som gir veit kven som får gåva si, men den som mottar gåva veit ikkje kven den er frå. Stor stas.

055

Den største utfordringa etter 10 sesongar vert den årlege blåturen på vårparten. Vi har mellom anna vore på Hakallegarden, på Nordfjordeid, på Fivelstadhaugen, på det nedlagde Krukkehuset i Ulsteinvik, til Stryn og no i vår reiste vi heilt til Rauma sin garnfabrikk på Åndalsnes. Kva skal vi finne på no?

Fargeavd.

Turane vert alltid toppa med gode måltid.

Nokre har og vore på strikkecruise og for nokre år sidan reiste ein gjeng på hausthelg i Oppstryn og overnatta på Hjelle hotell.

Strikkekafe

På julemessa i november har strikkekaféen ein eigen stand, der "medlemane" kan selge ting dei har laga.

No håper vi riktig mange tek turen på strikkekafé onsdagane framover. Og ekstra glade vert vi om den yngre garde vil vere ilag med oss. Sjølv om nokre av oss er godt opp i åra så er dette berre utanpå. Det er til tider høg stemning og mykje liv i gjengen.

Vi er klar for nye idéar og får "hjelpast åt" med gjennomføringa.

Om du har lyst til å vere i lag med oss er du hjarteleg velkomen - med eller utan handarbeid. Om du ikkje kan, men gjerne vil lære å hekle eller strikke, er her alltid mange som kan hjelpe deg i gang. Og bryr du deg ikkje om handarbeid er det heilt greit det også. Her er fleire som berre er her for å prate (og dei med handarbeid er ikkje alltid så produktive dei heller).

Velkomen til oss!