Loppemarknad er kjekt og laurdag 24. september kl. 12.00 opnar vi dørene, klar til å ta imot alle som vil kome. Søndag 25.09 opnar vi kl. 13.00
Det er begrensa parkeringsplass ved bedehuset, så det er fint om so monge som mogleg kan parkere i sentrum av Sæbø.
Loppemarknaden er oppe i storsalen og nede i kjellarstova vert det sal av gode smørbrød og kaker.
Sjå berre kor mykje fint vi har fått inn av lopper!
Vi har ei eiga avdeling med klede til små og store, herre og dame. Litt sko er her og.
Nydelege dukar, her er gardiner og møbelstoff.
Flotte serviser, glas og kjøkenutstyr. Vi har det meste.
Ute slår vi opp eit stort telt der du kan finne leiker og småmøbler
Vi held ope til kl. 16.00 begge dagar.
Velkomne til ein spennande handel!
Kommentarar