For å melde deg inn går du inn på nettsida til nasjonalforeningen for folkehelsen, eller tek kontakt med ein av oss som sit i styret. Medlemskapet kostar 350,- kr pr medlem i året.

Helselaget bidreg med mykje positivt i bygda vår. Vi samarbeider med trimgruppa om rampemarsjen, lagar til basar ein gong i året, steller istand cafe for dei som bur på aldersheimen, har årsmøte med varierande og aktuelt tema.

Dei pengane vi får inn både gjennom medlemsandel, basaren og andre midlar som vi søkjer om å få,  går tilbake til helsefremjande prosjekt i bygda vår. Det er ope for alle som synest dei har eit godt tiltak å søkje helselaget om å verte sponsa med litt økonomisk støtte. Vi har mellom anna gitt støtte til bygging av toaletta på Kapteinkvia, Barneidretten, Sæbø barnehage, benkar opp langs med vegen opp til vanntanken m.m.Difor ville det vere synd dersom helselaget kjem til å gå ned på grunn av manglande medlemstilkomst.

Sjølve hovudlaget, Nasjonalforeningen for folkehelsen,  har sterkt fokus på forskning rundt Alzheimers / demens, hjarte og karsjukdomsproblematikken. Arbeidet vi gjer lokalt har eit fokus som rommer heile livsløpet, slik at dette er ikkje berre for eldre mennesker.

Ta deg tid å meld deg inn. Då får du også eit lærerikt og nyttig medlemsblad på kjøpet.

For helselaget:

Lisbet Vatne Nielsen

- Skrivar -