Bli med ein snartur 120 år tilbake, til 1897. To engelskmenn, Edvin C. Oppenheim og Gerald Arbouthnot, kom med ”Venus” frå Newcastle til Bergen og derfrå med ”Mira” Ålesund. Rutebåt på Hjørundfjorden var tilfeldig. To ”ville, ustelte skapningar med langt, ugreidt hår som hekk i lokkar ned på herdane” rodde dei til Øye dit dei skulle for å klatre.

 

Nordmannen Johannes Vigdal, rakk ikkje fram til Bergen i tide, men kom nokre dagar seinare og desse tre ga seg i kast med fjella rundt Råna. Det var desse tre som første gong kleiv Urkedalstinden, 18. juli 1897. Det er høgste toppen på fargefotoet av fjellrekka, sjå lenger nede. Du kan lese meir om dei i komande ”Årsskrift nr. 38 - Frå Hjørundfjord” som kjem ut i god tid før jul.

Foto 2 Hogrenning og Greenough

Her ser vi klatreutstyret som var vanleg for 100-120 år sidan: Klatresko med krans av stålklør rundt skosole, linda leggar, lang jakke, hatt og fjell-/isøks. Fjellføraren (her Elias Hogrenning) har eit 60-fots stivt klatretau.

Året etter ga Oppenheim ut boka ”New climbing in Norway” om klatringa på Rånahalvøya  nokre veker sommaren 1897. Dette er lokalhistorie om Hjørundfjord utgitt i London året 1898.

Urkedalstindane ”rett opp”

har freista dei argaste klatrarane, men der er få eller ingen som har meistra oppstiginga. Det er ikkje dokumentasjon på at nokon har gått opp denne ruta i ”Smådalstindane” , som er namnet i daglegtalen i Urkebygda. Det er heller ikkje vardar mellom Urkedalstinden og Regndalstinden.

Med dette utgangspunktet er det at Jens Arve Forbord og Svein Urke i lang tid har vore trigga til å prøve seg på dette ”klivet”, som Dagfinn Hovden uttrykkjer seg. 20. august i år la dei to i veg, godt utstyrte med taulengder, kilar og alt som høyrer med. Gjennom 13 timar kom dei seg opp og tilbake og var på 13 toppar i dette området.

Engelskmennene ga ut bok året etter at dei kleiv, Jens Arve og Svein la ut turen på face-book dagen etter.

Urkedalstindane

Urkedals-tindane med den nydøypte Forbord – Urke – ruta innteikna. Foto: Per Urke.


Dei to bygde varde på ein tinde oppe i fjellveggen der det var tilgang på stein. Returen følgde i stor grad oppturen, men på svaberga valde dei eit terreng lenger mot sør som er markert med raud strek.

Klatrerutedåp

På Grendahuset vart ruta høgtidleg  døypt slik:

Namnet på denne klatreruta skal vere ”Forbord – Urke – ruta” og namnet på tinden med varde  skal vere ”Forbord – Urke – tinden”.


Foto 10

Svein Urke ved nybygd varde på Forbord-Urke – tinden. Foto: Jens-Arve Forbord

Vi gratulerer dei to notidspionerane med eiga rute og eigen tind, men tør ikkje invitere kvar og ein om å gjenta bedrifta desse to sprekingane gjennomførte nyleg.

Svein Urke og Jens Arve Forbord – Kopi

Svein Urke t.v. og Jens Arve Forbord meistra den nye ruta Urkedalstindane rett opp.    Foto: Rune Sæbønes, Møre-Nytt.