Dei fleste av oss har litt meir enn det vi treng av ting og tang i heimen.

Når bedehuset arrangerer loppemarknad er det kjekt å kunne rydde litt ut av huset.

Glas

Vi har fått mykje fint tidlegare år, men vi er sikre på at mange framleis har skuffer og skap som skulle ha vore rydda.

Leiker

Born veks fort ut av kle og sko og slit ikkje ut før dei må ha nytt. Om du har barneklede og barnesko som er heile og reine og ingen lenger har bruk for, tar vi veldig gjerne imot dette.

Vi tar også imot barneleiker.

Vaksne

I vår vart det arrangert to klebyttedagar på bedehuset. Om du ikkje rakk å levere noko då, får du ein ny sjanse til loppemarknaden. Vi ønskjer oss heile, reine klede, vesker, sjal og smykker.

Lamper  

Vi har fått låne eit "partytelt" og vil, som sist, ha småmøbler og leiker ute.

Vi kan ikkje ta imot større møblar/møblement, kvitevarer, gamle TV og PC-ar/PC-skjermar

"Lopper" kan leverast på Sæbø bedehus kvar kveld f.o.m. mandag 19.09 t.o.m. fredag 23.09 kl. 18.00 - 20.00. 

Vi er ikkje så mange i styret for Sæbø bedehus, så om du vil hjelpe oss med loppemarknaden er det fint om du tar kontakt med

Ann Helene tlf. 950 54 178

Haldis tlf. 900 14 323

Vi treng hjelp både til salg av lopper og salg av mat.

Dette gler vi oss til!