Tur til Lønndalsmannen.
Det var ein bra gjeng som møtte til start, Ingebjørg og Ståle kom like frå Ørsta, Frøydis,Irene som er naboar til denne "mannen" Vidare Gunn, Hilde, Kanutte, Janneche, Terje og sjølvsagt Theo då.
Vi sette kursen oppetter skogsvegen rett opp frå der vi parkerte.
Grønt og frodigt vert det raskt på skogsvegane.
Himmelen var lettskya og optimismen var sterk. | Theo var utolmodig og ville under straumgjerdet. |
Så oppdaga vi ein etternølar, det var Svein (frå Ørsta) som kom.
I samla flokk klivra vi den bratte skogsvegen til der råsa starta.
Berre blide kjeller her, Gunn og Frøydis. | Theo held tempoet oppe, Terje , Irene, Frøydis, og dei andre på geledd etterpå. |
Vardar synar kvar du skal gå |
Grei rås som flata litt ut innimellom.
Så litt oppover att.
Over skoggrensa vart det litt peiking og diskutering, Stokkehornet i sikte.
Så kryssar vi dalen og set kursen mot Lønndalsmannen.
Utsikta mot fjorden er vanligvis flott herifrå.
Regnbygene kom no frå alle kantar.
Lønndalsmannen er besteget! | Montering av ny boks er i gong her |
Under steinen er det ly å finne.Irene, Ingebjørg, Kanutte, Ståle og Svein. |
Janneche nyt utsikta. |
Irene kosar seg med pepsimax, vel fortjent, ho var gaid på denne turen.
Fellesbilde: Ingebjørg, Ståle, Terje, Theo, Bodil, Kanutte, Svein, Irene, Frøydis, Hilde, Gunn og Janneche.
Her er Lønndalsmannen sett rett nedafrå....
turboksa er montert på høgre side, mest sansynleg i le for fonn og storm.
Ein skikkelig eling var det nedi dalen no, og mot oss kom han.
Vi sette kursen nedatt den andre råsa- Teigeråsa, den går på andre sida av elva og endar opp litt lenger framme enn der vi starta.
Kven er det som trampar på mi bru.....
Røsslyngen i full blomst, ikkje rart den er så frodig den får i allefall nok vatten.
Snart nede på Gamlevegen, her med Ådalen midt i mot.
Tilbake til startpunktet, tusen takk for laget.
No letta sjølvsagt regnet.
Det var ein fin tur som fristar å ta oppat i finare vèr.
Litt uvanleg bilde til slutt? |
Eg fekk ein pose nybakte rundtykker med Anne Margete før eg sette meg i bilen, med godt pålegg og eit glas melk vert det fest attmed datamaskina i kveld.
Tusen takk for maten, det smakte nydelig!!!!
Torsdag er det tur til Koppen og heimste Tveradalen, vi samkøyrer frå Rekkedal for det kan hende vi må legge om startpunktet grunna mykje vassfløde i elvane.
Møt oppom Rekkedal gjestehus, ved O.J.Rekkedal si løde.
Vel møtt!
Kommentarar