Det var ein regnfull kveld. Det beste veret for brygging i grunn. Lokalet hos hamnefogd Thomas var rydda og installert med diverse utstyr, alt i frå øllitteratur, fingermat, kursmateriale, samt sjølvsagt sjølve bryggerutstyret. 

Ein etter ein kom dei seg inn i varmen, og eg trur jammen alle hadde hugsa den påkrevde hatten, ikkje verst berre det. 

Vi gjekk så gjennom heile prosessen frå kverning av malt, til mesking, skylling, koking, kjøling og oksygenering av vørteren, før gjæra vart tilsett. Teori og praksis, hand i hand. 

Ein slik bryggeprosess tek omlag fire timar, så noko anna måtte vi også bruke tida på. Då var det jammen godt å ha eit kjøleskap med smaksprøver, samt noko å bite i. Åtte sortar med heimebrygga øl vart smaka på. Og det var nettopp dette som var fokus for kvelden - smak - og ikkje mengde. Gjerne i kombinasjon med for eksempel ostar, kjeks eller pølser. 

Ein særs hyggeleg kveld med om lag tjue mannfolk i alle aldrar, der både kunnskap, lærdom og vennskap kunne dyrkast. 

Og då kvelden var omme var det nok nokon og ein kvar som tenkte: Dette lokalet har jammen potensiale! :)  

Dampen 2Dampen 3Dampen 4

dampen 9