Årskogstøylen og Keipen.
Vi starta med ei skikkeleg regnbyge, her var det berre å kle på seg.
Mauren jobbar med sitt.....
Litt mindre regn gjennom skogen men likevel vått.
Sanneleg kom der nokre solstrålar.
Her ligg eit velta tre over råsa så no er råsa nedom dette.
Sol og regn på same gong, kva blir det?
Saudene gjekk litt motvillig framfør oss i råsa, trur dei ville heim til varme fjøs.
Då vi nerma oss Årskogstøylen lysna det.
Snø i fjella og vakre budeier på geledd, kan det vere betre?
Sidan det var så fint no, gjekk vi vidare. Eg skal iallefall ikkje på Keipen sa Alvhild.
På rekkje no i rad....
Skal vi dit opp?
Ja, det ser slik ut.
Bratt og flott.
Alvhild, Bente, Kari, Irene og Monica.
Utsikta er vedundrleg.
Alvhild nyt utsikta mot fjorden.
No fekk vi sol også,hærleg.
Der er visst ein liten klatt med snøv.
Vi nådde målet, sola skein ogalle var fornøgde.
Mest inponerte desse tre spreke kjellene.
Her er heile buketten samla, Bodil, Monica, Bente, Alvhild, Kari og Irene.
Monica måtte lage ein snømann.
Kansje vinkar han til deg frå riksdekkjande.....
Ja vi kom oss trygt nedatt også, alle var einige om at det var ein flott tur.
Tusen takk for laget.
Neste tur er Måndag, då går ferda til Vasstøylen og Langhorndalen.
Vel møtt!
Kommentarar
:(