Bondalsbakken.
No er det vel allment kjent at råsa til Bondalsbakken er ei våt rås,
men vi er ikkje redde for slikt verken Kanutte, Bernt Arve eller eg.
Klar til start ved Rognestøylen.
Lettkledde og klar for tur, regnbygene trua i fjella bak oss.
At råsa er våt det er inga overrasking.
Her hoppar vi frå stein til stein, god balansetrening.
Varmt og lunt og opphaldsvèr, perfekt turvèr.
Lite blåbær fann vi på råsa, men smaken var god på dei få vi fann.
Mykje sopp, ser du denne har fått auge, nase og munn?
Lenger inne etter vatnet var det litt meir blåbær å finne.
Denne smakte surt og var lite modne.
Mykje snøbreda ligg framleis i gjøla.
Vi vandra mot bakken og toppen er i sikte.
Litt nyting av utsikta har vi tid til. Legg merke til utsikta mot dalen....
Vi har lettskya , varmt og opplett, nedi dalen ser vi regnet står som ein vegg.
Bernt Arve oppe på kulen framfør bakken, her må ein ta litt bilde.
I år er det kjempemykje rypebær.
Kanutte på veg mot toppen, snart oppe.
Bernt Arve skriv seg i boka, lunt og fint å sitte her.
Nokon har visst gløymt ein blå kopp.
Fellesbilde av alle!
Kanutte, Bernt Arve og Bodil.
Litt godt gull fann vi.
Skal tru om vi når nedatt før regnet kjem?
Vel nede på Rognestøylen kom regnet, men vi var nok våte på skona før dette, tre velbrukte skopar med gjørme på.
Fin tur i godt lag og godt vèr.
Tusen takk for laget.
Måndag er det tur til Bjønndalen, Vel møtt.
Kommentarar