Høgenausa.

Vi starta frå Nygårdstunet og gjekk mot målet, vi ser at potetene veks godt i varmen.

IMG_8974

No har det seg slik at ti på seks kom ei regnbyge, men den varte berre femten minutt,

så vi slapp unna med nokre få dropar.

IMG_8975

Kanutte kan dette med straumgjerde så det gjekk bra, men hadde vi sett oss rundt såg vi at vi kunne gå rundt, ettepåklokskap!

IMG_8976

Fyrste funn-Nyprosa er yndig og fin.

IMG_8977

Andre funn-Murulla er ferdigblomstra no, då kan trolla kome å fylle "bolstrane" sine.

IMG_8978

Tredje funn- Blåbæra er modne og vi fekk oss ein prøvesmak.

IMG_8979

Vi gjekk forbi den flotte steinbrua og benken henna mor.

IMG_8980

Uti fonna fann vi meir modne blåbær, namm.

IMG_8981

Utsikta er flott allereide her.

IMG_8983

Vi ser "skyttelen" breen i gjølet er hol på, så no kan vi bade.

Kanutte synest at det no er litt for varmt å bade, meir oppkvikkande når det er kaldt i sjøen.

No er det varmt, minst tolv grader.....

IMG_8984

Fjerde funn- eit lite lam låg i fonna åleine, ho klarte ikkje å røyse seg og var svært avmagra og redd. Takka vere at lambet hadde godt merke med namn og eigar på, fann vi eigaren sitt telefonnummer på øyra så vi avtalte trygg frakt nedatt til fjøsen.

IMG_8985

Bratt terreng oppover i fonna.

IMG_8986

Godt det ikkje var sleipt, sure lår og legga etterkvart, men det gjekk oppover.

IMG_8988

Enden av fonna er nær, der oppe var resten av saudeflokken.

IMG_8990

Femte funn-Tågebær men dei er ikkje modne enda.

IMG_8994

Trapp oppover bratta gjer det enkelt å gå.

IMG_8997

Litt meir klatreterreng på siste del av bratta.

IMG_8998

Brått opnar det seg eit utsyn framover dalen og Stokkehornet.

IMG_8999

Kjekke gjeng!

Kanutte, Irene, Janneche og Bodil.

IMG_9000

Malerisk landskap.

IMG_9005

Vi måtte nok sette nasen heim, det låg eit lamb å venta på oss.

IMG_9007

Stakkaren fekk silkeseng på vegen nedatt, varmt fong og ein trygg plass i fjøsen heime, no vil eigaren ta over og då går det nok bra.

Lukke til.

IMG_9008

Sjette og siste funn- Solblomen (Arnica montana), denne nesten utrydda stauda er talrik på beitet til Nygård, takka vere at dei passar på å slå enga etter solblomen har fått frø seg og ikkje raka vekk graset med det same.

Brukt som legeurt  i eldre tid.

Ein opplevelserik tur med flott utsikt og godt vèr.

Tusen takk for laget.

Måndag satsar vi på tur til Stokkehornet, vel møtt!