P1110531

Ein fin, liten gjeng møtte opp nedom Moane, klare for ein trimtur i sydenvarmen! Kanutte, Janneche, Kari og Bernt Arve.

P1110532

I granskogen har Nøtteliten kosa seg med konglefrø.

P1110533

Bernt Arve var førstemann over brua. Litt "småvaglete", men ei fin løysing!

P1110535

Store, gode blåbær er kjekt å finne og smake på.

P1110537

Snart oppe ved første kvilebenk. Bernt Arve fremst, så Kari, Kanutte og Janneche.

P1110539

Det gjorde godt med ei lita kvild og litt drikke i varmen.

P1110540

Kanutte fekk auge på desse små, nette blomane. Kva heiter dei skal tru?

P1110541

Ikkje så langt til neste kvilebenk. Og no har vi begynt å få god utsikt også!

P1110542

Det er i motbakke det går oppover! 

P1110543

Men sjå berre den flotte belønninga!

P1110544

Nydeleg utsikt i alle retningar. Meteorologane hadde trua med ei tordenbyge i kveld, men alt vi registrerte var ca tre regndråpar.

P1110545  

Fellesbilde på Grøthaugen. Monica, Kari, Janneche, Bernt Arve og Kanutte.

P1110547

Etter ei fin kvild på toppen, med litt mat og god prat, var det berre å rusle seg nedover att.

P1110548

Tusen takk for ein flotte tur!

Neste tur er mandag. Vi kryssar fingrane for godt vær, for då vert det familietur til Vasstøylen. Vel møtt!