Stokkehornet.
Trudde eg skulle gå åleine sidan det var regn i sikte, men neida her samla flokken seg til tur. Kjekt med kjende fjes.
Bjønnalauget er turt og fristar ikkje til eit bad.
Råsa er bratt men tydelig.
Unni, Hilde og Nina oppetter sida mot egga til Stokkehornet.
Terje og Theo i front.
Her fann vi ufrivillig eit jordkvepsebol og fleire fekk seg ei sviande oppleving med mange stikk.
Heldigvis hadde Nina allergitabettar som dempa den verste reaksjonen.
Friskt mot trass sviing og stikk.
No snakkar vi om utsikt.
Snart er vi oppe på ryggen.
Kanutte fann ein frosk, han vart ikkje prins same kor vi kyssa.....
Fin utsikt og trivelege folk.
Kanutte, Terje med Theo, Janita, Sverre, Unni, Hilde og Nina.
Men oppover må vi ei stund til.
No måtte jakkene på, litt regn toler vi nok.
Skodda kom krypande og skapte trollsk stemning.
Regnet vart verre og verre, Terje og Theo søkte ly under ein stein.
Men vi klivra oss vidare.
Råsa vart fort sleip i det plaskande regnvèret.
Vått, Bratt og flott.
Vi skreiv oss kjapt i boka, og den vart fort våt.
Vi sette kursen mot eit mål.
Ørneredet, der søkte vi ly.
Fellesbilde i hytta, vi takkar for lånet, dette gjorde godt.
Sverre og Janita kosar seg med niste.
Terje, Kanutte og Unni.
Sverre, Janita, Bodil og Nina.
Nina spanderte egenprodusert Honning, det var velsmakande og rett medisin i denne settingen.
Turen må ein ende ta, vi vandra heimover.
No vart det lettare og regnet stoppa.....nesten.
Vurderte ei stund å ta snarvegen nedatt.
Vi velgde den tradisjonelle råsa nedatt, og skodda letta og alt vart berre velstand.
Alle var einige om at det var ein gild tur trass alt.
Tusen takk for laget og honninga.
Neste tur er torsdag, då vert det tur til Vasstøylen og Kvamsedalsreset.
Vel møtt!
Kommentarar