Olavshola.
Sju sykla og to bilar vart til elleve turglade folk som starta ved porten til Olavshola.
Tre luringa venta under ein paraply av gran.
Etterkvart kom vi der Raudremsgylet kjem uti Huldregrova, eller var det omvent?
Terje, Theo, Bernt Arve, Ingar, Malene og Rolfen leda an men dei heldt eit perfekt tempo for alle.
Utruleg kor skogen har vakse til etter vegen oppover.
Vegen viser ikkje att, berre råsa.
Oppe ved fyrste utsiktsplass, no startar vi på den gode gamle råsa.
Malene og Ingar fremst, Rolfen, Jorunn, Kari, Fred, Janneche, Haldis, Bernt Arve, Hilde, Terje, Helga, Kanutte og Theo.
Sjenkeretten var litt attgrodd, men Terje fiksa dei edle dropane.
Så kunne alle smake på den gratis og velsmakande sjenkeretten.
Mikkjelskogen kraftverk surrar og går.
Theo driv med treklatring berre der er ein smakebit å få.
På rekkje og rad oppover.
Portalen er litt lav men det går akkurat.
Vi går i samla flokk, målet nermar seg.
Likkjesetra er ein naturleg rasteplass før siste kneika.
Helga, Rolfen, Hilde, Malene, Terje, Ingar, Bernt Arve, Kari, Kanutte, Haldis, Janneche, Jorunn og Fred.
Litt juling har skogen fått øvst oppe av vinterstormane siste åra.
Oi oi oi her kan me sjå at blåbær vert det mykje av i år.
Skriving av namn og nummer (ikkje minst) i boka.
kva heiter denne blomen då?
Hellaren ligg derå kallar på oss, så der må vi innom å skrive oss i boka der og.
Vidare gjekk vi mot utsikta.
Fellesbilde!
Enten må eg ha større stativ eller så veks einene for fort.
Ingar og Malene med Sæbø by i bakgrunnen.
Her finn vi ein "lurestein" ser ut som ein liten stein som ligg laust men den er fast under.
Så var det tid for heimtur, og no stoppa regnet også.
Poetiske ord til ettertanke inngravert på døra til hellaren av Andreas Hustad.
Neste måndag vert det tur til Klokkura og Tryvatna, der er nok is på vatna, så bading? tja vi får sjå.
Då kan du få to kryss i fjellbingoen, Vel møtt både med og uten badekle.
Kommentarar