Ikkje til sal over alt

Det er berre eit utval av bokhandlarar i Ørsta, Volda og Ålesund/Moa som har lager av denne boka. Dessutan har Bellingen på Sæbø og Urke Landhandel mindre lager.

Dersom du ikkje når tak i desse innhaldsrike årsskrifta frå sogelaget, er vårt beste råd å sende ein e-post eller anna bestilling til kasseraren i Hjørundfjord Sogelag, Arne Jon Rekkedal.

E-postadresse til Arne Jon Rekkedal: arekk@tussa.com

Postadresse: Prestegardsvegen, 6165 Sæbø


Prisen på boka i bokhandel er 250 kr. Dersom den skal sendast i posten, kjem eit tillegg på 50 kr.  Dvs. 20 kr. mindre enn portoen som er 70 kr.

Årsskrift 37 - 1

Siste utgåve av årsskriftet omtala Reidar Skarbø i "Nytt i Uka" som: "Tungvektaren mellom dei lokale årbokutgjevarane på våre kantar."

Vi kan og opplyse at kasseraren har tilgang til heile boklageret i sogelaget, der ein har alle årgangar med unntak av nr. 5, 7 og 8. Pris pr. bok varierer.

Sjølv er eg ein av dei heldige som har alle årgangane. Dette er ei viktig kulturkjelde som ein stadig har behov for å slå opp i: Her er heile hylla på 56 cm - 37 årsskrift på rekkje:

Årsskrifta 1979-2015

Dette er den beste julegåva eg kan få. Dette er med på å halde liv i røtene frå heimbygdene våre. Om ikkje dei yngste generasjonane synest at dette er så spennande lesestoff, har eg merka at dette endrar seg etter kvart som åra går. Det er her vi finn mest om vår næraste kulturskatt.