Tekst og foto:  Knut Hustad.

- Alle er hjarteleg velkomne hit til Kapteinkvia på Sæbø.  Og då meiner eg alle, både i og utanfor kommunen.  Det er eldsjel og leiar i Grendelaget på Sæbø, Øyvind Taklo, som seier dette der han sit under taket til grindløda.

_IGP3163b
Eldsjel og leiar i Sæbø grendalag, Øyvind Taklo, saman med to gode
støttespelarar, kona Gunn (t.v.) og dotter Hilde.


Kapteinkvia er eit område i  Sandvika på Sæbø med god utsikt over Hjørundfjorden. Området har i mange år vore brukt som  friluftsområde og samlingsstad for Sæbø-folket og då først og fremst på Jonsokaftan.  Men etter kvart meinte fleire i grendelaget at området burde verte tilgjengeleg for dei eldre som ikkje er så gode til beins.  I dag er  der veg til området, også for rullestolbrukarar,  ei grindløde der Øyvind meiner at heile 90 personar skal få sitje under tak på ein gong, mange benkar ute i friluft, areal til leikar, ein nyasfaltert parkeringsplass – også for dei som vil gå Gunmnarråsa,   ein flott oppmura grill med tak og no på jonsokaftan  skal det nye toalettet offisielt opnast.  Og dermed er dette prosjektet stort sett ferdig.

2
Det har vore lagt ned svært mange dugnadstimar på Kapteinkvia.  Her frå
bygginga av grillbuda i april 2014.  Frå venstre:  Rolf Egil Riise,
Jon Arne Årseth,
Øyvind Taklo og Lars Vatne Nielsen.

Dugnadsarbeid

Det er allereie fire år sidan grindløda stod ferdig.  Ho vart først bygd på dugnad i det tidlegare Stormøllenlageret på Sæbø, så plukka ned og sett opp att på Kapteinkvia.   Men først måtte dugnadsgjengen lærast opp.  Kåre Løvoll frå Volda er ein mann med mykje kunnskap om grindbygg. Han tok på seg oppgåva med opplæring og han kom med gode råd undervegs. Henrik Vatne leverte  sjølvsaga- og svært rimeleg material.   Murar Bernt Ritter mura grill og  Tore Stokke teikna- og tok ansvaret  for at huset over  grillen kom opp.  Men der det er samla mykje folk er det gjerne trong for eit toalett.  Og no er også toalett på plass.  Mykje dugnadsarbeid har vore gjort også her, men Øyvind Taklo er glad for at byggmeister Arild Aarseth på same tid bygde leiligheiter på motsett side av vegen.  Han har hjelpt til og Aarseth og grendelaget har også hatt eit  godt samarbeid  noko som har halde kostnadane nede.

- Øyvind, korleis har Sæbø grendalag greitt å gjennomføre dette heller store prosjektet?

- Stikkorda må vere dugnad og vilje.  Det har vorte lagt ned utruleg mange dugnadstimar og viljen for å få til dette har vore  stor.  Det er svært mange personar som har gjort ein  stor innsats og vi har møtt stor velvilje når vi har søkt lag og organisasjonar etter økonomisk støtte.  Og  når vi no ser at området vert brukt av svært mange, tolkar vi det slik at det som er gjort vert sett pris på.

Mange brukarar

Ja, det er altså mange som brukar Kapteinkvia på Sæbø.  Øyvind Taklo nemner først barnehagane og skulane, men der har også vore halde samkomer i samband med bryllaup og i januar 2015 overnatta både ordførar og sentrale politikarar i kommunen der i samband med Friluftlivets år.  Bedrifter brukar området og reine vennegjengar. Nyleg var der også  Gudsteneste.

- Men dei som vil tinge plass, kven skal dei vende seg til, Øyvind?

- Svaret her er enkelt.  Det er ikkje råd å tinge seg plass.  Det er berre å møte opp.  Rett nok har brudepar ringt meg for nettopp å tinge plass, men eg har sagt at dei berre må kome – om det så er for å gifte seg, men då må dei rekne med at der er andre folk rundt dei og det er vel kjekt?  Her er i alle fall god plass.

5 6
Anlegget ligg her, som alltid klart til bruk. I januar 2015, i samband med Friluftlivets år,
overnatta ordførar Rune Hovde og fleire
andre
politikarar i grindløda.

Frivillig betaling

Øyvind Taklo legg også til at heller ingen treng å betale for seg, men dei som brukar området vil etter kvart verte oppfordra til å betale ein sum på ein enkel måte, dvs. t.d. gjennom mobiltelefon og Sparebanken si mCASH-ordning.  Ei informasjonstavle vil snart vere på plass.  Pengane vil gå til betaling av straum, vatn, forsikring og generelt vedlikehald.  Og berre så det er nemnt; området kan sjølvsagt brukast året rundt og toalettet vil også vere ope heile tida. Og i forbifarten fortel Øyvind at der vil vere ein enkel dusj på utsida av toalettbygget og i eitt av roma vil der vere ein benk der folk kan vaske opp etter seg.

- Og kven er det som skal drage i snora når toalettet  offisielt skal opnast på Jonsokaftan?

- Møt opp klokka 1800 så får de sjå, avsluttar Øyvind Taklo lurt.

4
Her står det nye og flotte toalettbygget.  Jonsokaftan klokka 1800 vert det
offisiell opning av bygget.