Stokkesetra, Klokkura og Tryvatna.
På parkeringsplassen var me klar til start: Jurate, Haldis, Bernt Arve, Ann Helene, Kari, Jonny, Kanutte og Alvhild.
Sjølv om det var meldt regn kl 1800 var det godt vèr, opplett og fint.
Vi måtte innom folla hass "Jase-Pit".
Ann Helene, Grethe, Haldis og Linda.
Vi nerma oss Stokkesetra, ein fargerike flokk.
Akkurat når vi kom til Setra kom ei regnbyge, javel, tenkte vi, det var som meldt.
Innskriving i boka vart gjordt under tak på beste måte.
Vi såg det letta framover i dalen og byga reiste nedover mot fjorden.
Brått kom Irene også.
Vidare gjekk ferda.
Klokkura neste, regnbyga har reist sin veg og no ser det fint ut.
Vakker utsikt frå Frølandsdalen.....
Olivinsteinen med inskripsjonane ligg midt i råsa og er historisk for mange.
Klokkura -base camp: Kari, Irene, Haldis, Ann Helene, Jurate, Bernt Arve, Jonny, Linda, Alvhild, Kanutte, Grethe og Ollen.
Bernt Arve er med på å hauste"trim-mobilpoeng", det virka.
Molteblomstringa er formidabel, håpe det vert like mykje bær.
Posering ved ein merkelig stein, Bernt Arve, Haldis, Grethe, Jurate, Kari og Irene.
Siste stykkje mot Tryvatna, på kulen bak kan ein sjå flokken som skulle nedatt for å sjå kamp, vi andre gjekk vidare.
Skriving i boka ved Tryvatna.
To av vatna er snø og isfrie men det siste ligg framleis breden nedi.
Litt latter frå "dei blå damene".
Ei ferdigpynta kurue til midtsommarsfesten?
Ja heimatt vart det i dag også.
Ved enden av dagens tur, vèret heldt seg og vi var godt fornøgde.
Tusen takk for laget!
Torsdag vert det tur til Årskogstøylen og Høgereset, bingosanking x 2.
Vel møtt!
Kommentarar