Mange hadde møtt fram til den spesielle og første gudstenesta på Kapteinskvia. Sokneprest Espen Aarseth opna med at i dag hadde vi dei stolte fjella i bakgrunnen som altertavle. Jørund Aklestad var klokkar og ringde inn med å bruke eit spett til klokke.
Hjørundfjord barnekor var også med og sette ein fin spiss på gudstenesta.
Organist og i dag pianist Margaret Standal Haugland, har vore vikar for Marie Austrheim og har vore ansvarleg for barnekoret. Dette var hennar siste opptrenden ilag med barnekoret og ho fekk ein takk med gåve og ein flott blomsterbukett frå soknerådet, for eit framifrå arbeid ho har utført som vikar. Ho har fått seg fast stilling som kantor på Giske og sluttar av i juli.
Og tilslutt fekk vi postludium frå Generasjonskorpset. Korpset er berre topp i alle situasjonar og soknepresten var svært glad dei ville være med i dag.
Sokneprest Espen minte kyrkjelyden på konserten som er i kyrkja til kvelden
Kommentarar