Årskogstøylen og Høgereset.
Bernt Arve hadde med seg Theo som drog godt, både framover og til sides, Janneche, Kari og Kanutte var klar for ein tur i eit fugtigt vèr.
Litt betre dressur på Theo etterkvart, fint oppstillt til bilde her.
Varmt vart det, regnet merka vi ikkje noke ta.
Her har eit stort tre lagt seg over råsa, men det er laga ei fin veg utanom.
Her er grønt og frodigt, saudene har nok funne betre mat høgare oppe.
Doggkaldt vatn på flaska frå verdens beste drikkevasskjelde.
Ja, då vart det ikkje meir drikke frå denne elva.
Theo ville bade fotane litt.
Massevis av blåbær har laga seg til, dette kan bli bra.
Bernt Arve og Theo vart sjølvsagt fyrst opp til Årskogstøylen.
Pause her med skriving i bok, og litt drikke.
Bernt Arve er klar, vi går vidare. Denne gongen svinga han rett ved retningsbytet.
Elvane er store og vassrike.
Lyst og lett vèr enda.
Snøven ligg framleis oppi fjellsidene.
Litt gråare vart det mot Høgereset. | Kjem det ei byge no, vi undra, for det såg slik ut. |
Enden er nær.
Sjå kvar saudene går , sikt midt på bildet.
Oppe på Høgereset måtte vi meinhalde på boka, her var truleg orkan i kasta og vi hadde meir enn nok med å stå opprøyste.
Fellesbilde mellom vindbygene, det gjekk akkurat.
Vi droppa turen bortom Bjønnalauget og hytta, her var det tryggast å kome seg i sikkerheit i ly frå vindkasta.
Nedatt gjekk det raskt på den fine tørre råsa, og det vart raskt lunare når vi kom nedi dalen.
"Det stod ein liten løvetann" nesten oppe på Høgereset!
Fin tur og vi var trass vinden svært heldige med vèret.
Tusen takk for laget, og vel møtt til turen måndag som er på Tua på Sæbøneset.
Kommentarar