I monge år har det vore plantedag på Sæbø.

I år legg vi denne dagen til ein laurdag, så også dei som er på arbeid i veka skal ha høve til å ta turen til Sæbø.

Borgar Berg og Oddvar Årsetøy har med seg flotte planter direkte frå eigne drivhus.

Plantene vert plassert på parkeringsplassen framom bedehuset, så denne dagen må parkeringsplassane i sentrum nyttast.

Plantedag2

Hjørundfjord kyrkje held ope og der vil verte høve til å tenne lys. Kanskje også litt musikk.

På bedehuset vert det sal av rømmegraut, vafler og sveler.

Der vil og verte sal av lodd.

Velkomne!