Aursnesvatnet rundt.
Vi samkjaurde til Selvåg, og parkerte ved "enden" av råsa.
Tretten var med,Monica, Eve, Ståle, Ingebjørg, Rune, Grethe, Edel, Bente ,Kanutte, Kari, Ingvild, Helga og Bodil.
Vi gjek langs vegen og starta i tuna ved nordenden av vatnet.
Der venta ein gjeng som var lette på foten.
Fine fargar og mange små lamb.
Vidare går råsa over knausane langs vatnet, godt merka og fin rås.
Her nermar vi oss høgste pungtet på turen 60m.o.h.
Vi ser ned på Aursnesvatnet og tuna der vi starta.
På med jakke og hette på høgste pungtet, det bles friskt.
Vidare gjekk vi , litt våtare i råsa etterkvart.
Tyttebærlyngen blomstra, og blåbærlyngen blomstra også.
Vinden løya i lavare område, men tok godt på høgdene.
Flotte berg og tuer, litt anna landskap enn vi går i til dagleg.
Litt opp og ned her og, men ikkje rett opp og rett ned som heime, nei.
Sjå! bjørka har museøyre, våren er nok komen litt lengre her, ja.
Vi nerma oss området der vatnet som er 2 m.o.h. (og har ingen elvar som renn inn)
renn ut i havet. Eit idyllisk område der det er lett å passere, og fine plassar å ta pause.
Hadde det vore varmare hadde vi nok bada.
Fellesbilde: Ingvild, Helga, Bodil, Ståle, Ingebjørg, Grethe, Kari, Edel, Rune, Monica, Eve, Bente og Kanutte.
Ingvild og Bente.
Monica og Eve.
Ståle og Ingebjørg.
Siste etappe mot bilane står att.
Grethe og Edel.
Kva slags larve er dette?
Då var vi ved enden for denne gong, vi vinkar farvel.
Måndag 9 mai tek vi ei ynskjereprise, tur frå Brudavollen til Brekkeheida.
Takkar for laget og ynskjer alle vel møtt på tur neste måndag.
Avreise frå Sæbø kl 1700.
Kommentarar