Jazz & Koral i Hjørundfjord kyrkje
Det blir konsert i Hjørundfjord kyrkje søndag 5 juni med gruppa Jazz og Koral.
Gruppa hadde sin fyrste konsert i Ulsteinvik i 2007 som eit prosjekt. Denne var svært vellukka og Jazz & Koral må kunne kallast ein suksess etter fleire vellukka kyrkjekonsertar i Ulsteinvik, Spjelkavik, Fosnavåg, Larsnes, Valderøya, Volsdalen, Volda og Sjøholt. Og no er Jazz & Koral klar for ny konsert i Sæbø kyrkje.
Gruppa består av 6 musikarar, som skulle vere godt kjende lokalt:
Bjørnar Hovlid er utdanna og praktiserande lege, og har gjennomført 2 år organist-studier, og 1 år piano-jazz ved Griegakademiet i Bergen. Han er ansvarleg for keyboard/piano.
Jan Thormodsæter er på bass. Han har spelt med mange kjende norske artistar. Har budd så lenge i Ulsteinvik at han er som Ulsteinvikar å rekne. Han er ein mykje brukt musikar, produsent og arrangør av større konsertar.
Perkusjonisten i gruppa er Bertil Tødenes. Han har fleire freelanceoppdrag med kor, blues og jazz. Også han er produsent og musiker på fleire CD-innspelingar og kjend for dei aller fleste musikarar i distriktet vårt som den som starta opp og arrangerer den årlege og særs populære Eiksund Bandcamp.
Gitaristen, Rune Ertesvåg, profesjonell musikar over det ganske land på 80-talet, har også opptredd på dei fleste samfunnshus i distriktet og er fortida gjeldande i Ulstein Storband, Gospelkoret, Überjam og Jazz og Koral.
Vokalisten er Ann Cesilie Skundberg, vel er kjend i distriktet vårt.
Kantoren i Ulstein Kyrkje, Ståle Helvig, spelar både piano og kyrkjeorgel. Han har i fleire år hatt samarbeid med gitaristen, Rune Ertesvåg, der dei omarrangerer norske salmar for gitar og kyrkjeorgel utan å gå for langt i frå originaltonen. Han har også solonummer i tillegg til at kyrkjeorgelet blir «mixa» med bandet og vokalen.
Jazz & Koral byd på ein variert konsert med utgangspunkt i salmar, jazz og gospelinspirerte songar. Her er kjent og kjær musikk i nye fargar og tolkingar. Folketonen får boltre seg i jazzens strenge form- og fridomskrav, salmen blir utfordra til å klinge suggererande og rått med fuzzgitaren og full pedal på orgelet, og Ann Cesilie viser til fulle at ho meistrar både det sakrale i salmar og sjelfull song i jazz-, soul- og gospelsjangeren.
Vel møtt til ei spanande, variert, utfordrande og innlevande musikalsk reise.
Kommentarar