Gamlevegen frå Ville til Bondalseidet.
Blå gløtt frå himmelen ga oss god tru på opplett og fint vèr.
Frå Ville starta: Edel, Kari, Linda, Randi, Alvhild, Inger og eg.
Grønt og frodigt på markane og skogen spratt på ei veke no.
Brått fekk vi selskap av tre Tvergrovdamer som gjekk oss i møte: Anne- Sofie, Silje og Jenny-Kristin.
Attmed "raudehytta" fekk vi god historieforteljing om svunne tider frå Alvhild og Kari.
Jentene fylgde nøye med når vi fekk høyre om gamleskulen på Rekkedal og skulevegen.
Fonnene og kvar husa sto, alt dette er mykje nytt for oss andre.
Fonngjøla, vèrteikn og jonsokebålplassen, mykje artige og spennande frå "før i tida".
Jonsokblomen blømer sjølv om det er ein månad att til Jonsok.
Eit ripstre har forvilla seg og ber lovnad om mykje bær.
Hesten kom å helsa på fram på Valset.
Vi eig ikkje skam, går rett gjønå hagane til folk.
Hipphipp heisan...Hurraaaa
Ein staseleg "storvèr"
No kom Marthe i lag med oss, her i lag med Jenny- Kristin.
Jorunn og Theo slo lag frå Tvergrova.
Tørt og fint på Gamlevegen i dag.
Mykje blåbær har laga seg til, no må humla suse....
Lette bein på fin veg.
Her var det visst ei elv over vegen, litt kalvebyks so går det vel.
Andre går med meir varsemd.
Kjente glimt.
Litt mose har grodd på den Meteorologiske stein.
Fellesbilde: Randi, Edel, Marthe, Inger, Jenny-Kristin, Jorunn, Alvhild, Kari, Silje, Anne- Sofie, Linda, Bodil og sist men ikkje minst Theo.
Desse fire kom sjølvsagt fyrst. No går ferda same veg tilbake.
Ei stor gran på bikken. Tusen takk for laget med denne artige figuren.
Neste måndag vert det tur til kvanndalen.
No er det berre å hive seg med.
Vel møtt!
Kommentarar