Helgetorsdag/Kristi himmelfartsdag kjem i år den 5. mai og då meiner bakar Dagfinn(Daffa) Strand og Kanutte(Nutte) at det passar godt å opne vårsesongen til Strands bakeri ved ferjekaia på Sæbø dagen før, dvs. onsdag den 4. mai.

kafe_dugnad_saeboe_010_copy1
Både bakeri og kafe opndar onsdag 4. mai klokka 1000.

I første omgang vil bakeriet halde ope til over pinse  Opningstidene vil vere:

Kvardagar:        Klokka 1000 - 1630

Laurdagar:        Klokka 0930 - 1500

I tillegg vil Strands bakeri halde ope Kristi himmelfartsdag og 1. og 2. pinsedag.  Opningstidene desse dagane:

                      Klokka 1000 - 1600


Etter pinse vil bakeriet halde stengt fram til sommarsesongen startar for fullt fredag den 17. juni.

Både no og vidare framover sommaren vil alle dei kjende bakarvarene vere å få kjøpt - både dei gode og sunne brøda og alle godsakene som er i glasdisken.  Og sjølvsagt er det alltid råd å få kjøpt ein god kopp kaffi som du kan sitje å nyte inne i kafeen eller på småborda utanfor.

Hjarteleg velkomne, seier Kanutte og Dagfinn.