Søndag 8. Mai kl 17.00 er det tid for alle barn sin store helt - nemleg Kaptein Sabeltann. I filmen om skatten i Lama Rama treff vi Pinky som blir med Sabeltann på røvartokt. Kven får skatten? Blir det kong Rufus, eller prins Badal? Eller blir det sjølvaste Sabeltann som vinn til slutt? Dette blir ein seilas du seint vil gløyme. Aldersgrense 7 år.

kaptein sabeltann

© Walt Disney Studios Home Entertainment

Samme kveld er det tid for Filmsalong kl 19.30 med landevegsfilmen (roadmovien) og klassikaren “Paris, Texas” frå 1984. Vi møter Travis, forkommen og utmatta i ørkenen, på ei tilsynelatande formålslaus vandring i utslitne klede. Kva rømmer han frå? Og korleis kan han forsone seg med fortida si og finne att familien sin? Ei sterk historie som sit i deg, ja for mange ein uforgløymeleg film. Den har ein uvanleg nerve, denne filmen, eit djupt allmenmenneskeleg portrett, ei historie om svik, men også om forsoning og von. Gjennom fantastiske landskap i USA, blir vi med på ei reise akkompagnert av Ry Cooder sin magiske musikk. Gjer deg sjølv ei teneste, sjå denne.

Paris, texas

© Road Movies Filmprod., Argos Film, WDR, Channel 4


Ei EKSTRAFRAMSYNING vil finne stad 11. mai . Da skal det for første(?) gong vere undervisning for Høgskulen i Volda - på Sæbø! Studentar på animasjonslinja har filmframsyning på pensum, og i vår er det nordisk film. Den svenske sommarklassikaren “Att angöra en brygga” frå 1965 står på plakaten. Dette er ein hysterisk komedie om ein sommarfest i den svenske skjærgarden. For kor vanskeleg kan det eigentleg vere å legge til kai? Vel, det ballar fort på seg…..medlemmer (nye og gamle) er sjølvsagt også velkomne til å sjå filmen, endeleg framsyningstidspunkt kjem - men ca kl 18.00. Oppfordrar alle single hjørundfjordingar til å på seg miniskjørt/nikkers, det kjem mange kjekke studentar!

att angøra en brygga

© Next Stop Distribusjon