Det er kun plass til 6 deltakerar i kvar gruppe, så her er det om å gjere å melde seg på snarast råd og seinast mandag 9. mai.
Bindande påmelding krans:
Tekstmelding til Manuela Ritter, tlf. 94862324
Manuela Ritter er den som lagar dei flotte sesongdekorasjonane utanfor inngongen til Hjørundfjordheimen.
Ho har bestilt inn ein krans til kvar deltakar og vil gi tips og råd om korleis ein slik krans kan pyntast. Deltakerane avtalar direkte med Manuela kva dei skal ta med.
Deltakaravgift kr. 200,- pr. person inkl. krans.
Bindande påmelding vårbukett:
Tekstmelding til Lisbet Vatne Nielsen, tlf. 476 88 650
Lisbeth Vatne Nielsen lagar nydelige bukettar og dekorasjonar på bestilling. Om sommaren kan dei kjøpast på Nilsbuda.
(Biletet er kun illustrasjon, ikkje mal for den buketten som skal lagast)
Ho vil kjøpe inn materialer til ein vårbukett og gi tips og råd om korleis ein kan lage ein fin bukett. Ho brukar mykje ville vekster i bukettane sine, blanda med stauder og kjøpte blomster.
Deltakaravgift kr. 200,- pr. person inkl. materialer.
Bindande påmelding klatrestativ:
Tekstmelding til Kari Stokke, tlf. 915 69 591
Annlaug Stokke driv mykje med fletting av pil og andre tresortar. Ho har og ei eiga side på Facebook: https://www.facebook.com/Pilefletting-ved-Annlaug-1435210560092640/?fref=ts
Det er altså Annlaug Stokke som skal vise korleis ein kan lage eigne klatrestativ til blomsterkrukkene. Kari Stokke hjelper berre til med påmeldingane.
Kvar einskild deltakar må ta med seg 1 - 2 potter med jord som er godt pressa saman og ei greinsaks. Diameter på blomsterpotta kan vere 18 - 26 cm.
Det er og fint om ein har med seg ein syl om ein har det og gjerne litt tau til å binde saman greinene.
Ellers godt humør og tålmod.
Deltakaravgift kr. 200,- pr. person inkl. materialer.
Det vil verte høve til å kjøpe kaffi og litt kake.
Kommentarar