Sesongstart.

Vi vil gjerne at mange deltek på Fjellbingoen denne sesongen også.

Husk at går du fire turar på rekkje, er du med på trekninga om eit gåvekort på 300,-kr.

Til fleire rekkjer du fyller, til større vinnarsjangse får du.

Hovudpremien er du med på dersom du leverer fullt brett.

Hovudgevinsten får ALLE som er med-GOD TRIM, OG GODE TUROPPLEVINGAR.

Er du med på måndagsturane går vi innom alle rutene på brettet, så då får du fyllt opp heile Fjellbingoen.

Prisen er den same som i fjor 50,-pr deltakar pr brett.

Dei som er med på andre "poengsamlekonkurranser" kan ta to "fluer i ein smekk".

Tur rundt Aursnesvatnet.

Denne perla ligg rett på andre sida av Eiksundtunellen, vi reiser samla frå Sæbø kl 1700.

Dersom du reiser frå Ørsta eller vil kjøyre sjølv, stopp etter du tek av mot Selvåg før Selvågtunellen, så viser vi veg derifrå.

20160424_142030

Husk det er framleis vått i marka sjølv om vi trur på fint og tørt vêr, ta på gode sko som tåler litt væte.

Kle deg for litt vind og ta med lett niste.

Voner mange slår lag, ein lett men flott tur i ope terreng.

Måndag kl 1700.

20160424_143358

Desse står nok å venta på oss når vi kjem.

VEL MØTT!