Laurdag var nokon heldige utvalte vitne til ein flott konsert med Heiberg mannskor på Slettedalshjørnet. Og ideen slo oss da: Vi treng sjølvsagt eit eige mannskor på Sæbø! Vi håpar at mange har interesse for dette, og vi veit at det er både Elvisar og Gullgutar i bygda. Sosialt skal det være, men også musikalsk kvalitet - på sikt. Meld dykk enten til Arnar Holen eller Tor Grunde Simonsen. Vi treng både lyse og mørke, tynne og smale, brumsebassar og pipestilkar!
Hjørundfjord mannskor!
Det er mange staute karar i Hjørundfjord, men kan dei synge? JA, trur vi. For kva er ei bygd utan mannskor?
Lagt inn av
Tor Grunde Simonsen
06.04.2016 21:25
06.04.2016 21:25
Kommentarar