Blåtur2

Forslaga var som vanleg monge. Stryn? Ulstein? Sør, aust, nord, vest?

I Ørsta plukka vi opp Idun sine strikkevenninner frå Eiksund og bussen sette kursen mot Festøya. Idun meinte der gjekk ein veg langs fjorden og over Standaleidet, men bussen hamna på ferga mellom Festøya og Solevågen.

Så kunne ein lure på om bussen ville ta til høgre eller venstre i krysset etter fergekaia, men den tok til høgre og på Moa svingte den til høgre igjen.

Sjøholt

Ein liten stopp på bensinstasjonen på Sjøholt

Matpakker

og så kom Ann Helene og Ingvild med kvar sin nistepakke som dei hadde gøymt i bagasjeromet på bussen. Kjekke damer! Og kvar pose hadde pålimt forskjellige ordtak av Ivar Aasen.

Tresfjordbrua

Og bussen køyrde vidare til Vestnes og over Tresfjordbrua. Flott landskap.

Blåtur4

Dei har noe flotte fjell lenger nord også. Måndalen, skal tru?

Rauma ullvarefabrikk

Og sjå her, då! Framme! På Rauma ullvarefabrikk. Kan ei strikkande dame ønskje seg meir?

Lykkeland for glade strikkerar. Her produserer dei fin handstrikketråd av norsk ull. Rauma finull, Pt2 (og 3 og 5), Gammelserien, lamullstråd, vamsegarn, Rauma 3-tråds, vevgarn ... Oi, oi, oi...

Orientering

Litt orientering før vi går inn. Stor gruppe som må delast i to. Ei gruppe til fabrikken og ei til butikken, før ein bytter plass.

20160409_123112

Fabrikkutsal med stort utval i gåver i tillegg til ull og tråd. Noke kjent med desse hønene... (frå Mekko i Volda)

Ull

Omvisning v/ barnebarnet til grunnleggjaren av fabrikken (Digernes frå Ørsta i 1927).

Norsk, vaska ull vert kjøpt inn i ballar a 300 kg. Her vert dei tilsett spinnolje (eit såpestoff som skal erstatte utvaska lanolin og som seinare vert vaska ut igjen). Samanpressa ull må få tilbake luftiigheita og vert sendt gjennom store rør med luft og lagt i store siloar.

Karding

Ulla vert så sendt inn i store kardemaskiner som karder ulla i fleire omgongar

20160409_123456

til den vert spola opp her som uspunnet tråd - også kalla forgarn. Forgarnet er veikt og lett å rive frå kvarandre. Forgarnet vert spunne til trådar, varierandre grad av spinning / tvinning alt etter kva garnet skal brukast til. Den eine tråden vert spunne saman med ein annan til to-tråds eller tre-tråds.

Hesper

Garnet på dei store spolane vert hatt over i hesper. Mindre strekk i tråden og lettare å få jamn farge ved innfarging.

Fargeavd.

Kilo på kilo med garnhesper, klar for farging i store fargebad.

20160409_130207

Ferdige, fargerike nøster stabla frå golv til tak.

20160409_123159

Fabrikkutsal med stort utval. Elle, melle...

20160409_123204

Damene på leit etter gode kjøp.

20160409_123122

Nydeleg flott butikk og veldig kjekt å få kome hit og sjå korleis garnet vårt vert til.

Grand Hotel Bellevue

Grand Hotel Bellevue på Åndalsnes.

Ein time til middag og litt tid til å strekkje på beina og å sjå seg litt rundt i gatene.

Åndalsnes

Åndalsnes med fjord, fjell... og tog!

20160409_145259

Fint dekka og klart for middag.

20160409_151611

Lammefilét m/ raudvinssaus og rotgrønsaker.

Nydelig godt, men litt lite steikt for nokre.

Til dessert fekk vi flott dessert; vaniljeparfait m/ kirsebærsaus.

20160409_184340

Desse to damene har sitt heilt eigne rekneskapssystem, men kontroll har dei!

I 10 år har Ingvild Åmbakk og Ann Helene Wille styrt strikkekaféen med samling kvar onsdag i vinterhalvåret,  julebord i desember og avsluttande blåtur kvar vår.

No sender dei stafettpinnen vidare og håper andre vil overta. Det må vi prøve å få til.

Tusen takk for 10 flotte år damer!