Aprilprogrammet på Hjørundfjord Filmteater:

Denne månaden er det tre filmar på som står på plakaten: Insekteventyr for dei minste, sprudlande romantisk komedie og høgaktuell politisk dokumentar! 
Søndag 10. April er det framsyning med Barnefilm kl.1700. "Kule kryp" er tillaten for alle barn - og fortel historia om ei marihøne som hamnar midt mellom to maurtuer som kjempar om gjengløymde sukkerbitar frå ein pinkik! Kan marihøna redde dagen? 

kule kryp


Kl. 1930 er det tid for vaksenframsyning med den moderne klassikeren Den fabelaktige "Amelie frå Montemartre" frå 2001. Hovudpersonen arbeider som servitør, men har heile livet jobba for å gjere andre lykkelege, samt å vere ein Kirsten Giftekniv. Kva skjer så når ho sjølv blir truffe av Amors piler? Fornøyeleg, fargerik og frisk komedie med tonnevis av fransk sjarm, eit sukkertøy av ein film! 

amelie


Torsdag 14. April kjem vårens dokumentar på Filmsalongen - av mange rekna som ein av dei viktigaste og beste dei siste åra. "Citizenfour" frå 2014 fortel på svært spennande vis historia om Edward Snowden og korleis han avslørte amerikanske myndigheter si overvaking av millioner av menneske. Dette er ei viktig - og relevant historie, fortalt som ein thriller frå verkeligheten, og i bunn og grunn ei historie som angår oss alle. Vel møtt til Hjørundfjord Filmteater i April! 

Citizenfour