Korrigering av tekst side 181 i siste årsskriftet frå sogelaget

Gratisavisa ”Nytt i Uka” i Ålesund omtalar Årsskrift 37: ”Frå Hjørundfjord” med ordet ”Tungvektaren” mellom sogelagstidsskrifta som dei omtalar grundig og systematisk.

Bilete nr. 13 IMG_0037 På Lekneskaia

Ferjeskipper Rasofiel Årsnes t.v. og ekspeditør Johan Leknes på ferjelemmen på Lekneset.

"Nytt i Uka" har oppdaga at Årsskrift 37 har ein trasig feil under ei bilettekst side 181 der  skipperen på ferja mellom Sæbø og Leknes vert nemnt som Spjutøy. Fotonemnda seier seg leie for den feilen. Kjelda som vi brukte som lokal kjentmann, var sikker i si sak, men sjølv då kan ein ta feil.

Dottera til ferjeskipperen, Hallgunn Tynes, opplyser til ”Nytt i Uka” at det er far hennar, Rasofiel Årsnes som står saman med ekspeditør Johan Leknes. Rasofiel Severinson Årsnes (1891-1973) var frå Ytre-Årsneset på Hjørundfjordstranda og var kaptein på MRF sine rutebåtar og ferjer. I mange perioder var han og kaptein på ”Rauma” som frå 1950 – 62 var sjølvaste Hjørundfjordrutebåten.

”Nytt i Uka” veit og å opplyse at det er to kapteinar på dette fotoet av Anders Hustadnes. Bilen på ferjelemmen er nemleg ein Opel Kaptein.

For å rekke lesarane av årsskrifta legg vi ut denne opplysninga her slik at ein kan rette opp dette mistaket.  Kopier denne teksta og lim inn nedanfor biletet side 181!