Vi har vel alle nokre feilkjøp liggjande.

Den nydelege kjolen som ikkje passa så godt allikevel, sko som knip litt, smykker vi ikkje har brukt meir enn den eine gongen...

Andre ting har vi vakse eller krympa ut av.

Og ungane veks altfor fort ut av gode klede.

Gjenbruk er flott og no kan du leite fram det som fyller opp i klesskapet ditt og la andre få glede av det.

Denne gongen vil vi halde til i storsalen, oppe på bedehuset.

Har du klede du vil gi vekk kan du kome frå kl. 19.00. Salen vil verte inndelt i soner, slik at kjoler heng ein plass og bukser ligg ein annan stad. Det er fint om den som har med seg klede o.l. sjølv pakkar ut, slik at vi er klar til kl. 19.30.  

Krav til det du leverer inn:

- det skal vere heilt

- reint

- ikkje bere preg av å ha vore mykje brukt

Dette er med andre ord ikkje staden der du kvittar deg med gamle, utslitte klede.

Bedehuset må ha litt husleige for å huse arrangementet.

Du betalar av den grunn kr. 10,- pr plagg, skopar, smykke du finn og tar med deg heim.

Det vert og sal av kaffi og enkle kaker.

Velkomne!