Som på ein kvar god basar vert det sal av kaker og kaffi. Ein kan kjøpe tombolalodd, rivelodd, årar og ta nummer på bøker. Helselaget har vore i gong lenge med å samle gode gevinstar frå fjærn og nær til denne årvisse basaren. Om nokon vil støtte oss med innepakka tombolagevinstar er det svært kjærkome. Ta kontakt med Janneche Myklebust som er leiar. Ikkje minst gledar vi oss til å få høyre Venche Leite underhalde med vakker song og musikk. Håpar på at mange i bygda tek turen på basar denne laurdagen, og støttar opp om eit godt sosialt tiltak. Hjerteleg velkomne til ei kjekke stund på Grendahuset på årets Helselagsbasar.
På vegne av styret i Helselaget:
- Skrivar-
Lisbet Vatne Nielsen
Kommentarar