Påska i år kjem svært tidleg, men likevel ikkje for tidleg for ekteparet Kanutte og Dagfinn Strand på Sæbø. Dei har allreie fått påskeblomane på kafeborda i kafeen og bakar Dagfinn (Daffa) har kjøpt inn alt han treng for å lage ferske bakarvarer gjennom heile påska - også alle helgedagane.
![]() |
Blomane på kafeborda er allereie på plass og snart kan du nyte den vakre utsikta frå kafeen til Strands bakeri |
Allereie fredag den 11. mars klokka 1000 opnar Strands bakeri v/ferjekaia, påskesesongen. Som vanleg vil bakeriet selje alle dei kjende brøda t.d. Ørstabrødet og Hjørundfjordbrødet. Kvar einaste dag vil Dagfinn lage ferske varer - kvardagar som heilagdagar.
Opningstidene vil vere slik:
Kvardagar: Kl 1000 - 1630
Laurdagar: Kl 0930 - 1500
Heilagdagane: Kl 1000 - 1600
Heilagdagane er altså Skjærtorsdag, Langfredag og 1. og 2. påskedag.
Og som vanleg vil Kanutte og Dagfinn setje pris på om du er tidleg ute med handelen dersom du har tenkt å fylle opp frysaren med bakarvarer.
![]() |
Det kan vere klokt å bestille på førehand om du har tenkt å kjøpe store kvanta av brød eller andre bakarvarer. |
Vel møtt til eit kafebesøk og ein handel, seier Kanutte og Dagfinn Strand.
Kommentarar