Mars-programmet på Hjørundfjord Filmteater:
Vi tilbyr heile fire filmar denne månaden, ungdommen får si eiga framsyning, Disney-eventyr for borna, kodeknekkardrama frå andre verdskrig samt ein eigen Påskekrim-spesial som kjem utanom det ordinære programmet!
11. mars skal ungdommen sjølv vise film, og dei har valt "Pirates of the Carrabian - The curse of the black pearl". Filmen er i frå 2003 og vi treffer blant anna piraten Jack Sparrow for fyste gong. Eventyr og moro for alle penga!
13. Mars er det først tid for Disney-filmen "Frost" for borna klokka 17.00. Historia og karakterane i filmen er nok kjend for mange, og har allereie nådd stor popularitet blant store og små. Aldersgrense 7 år.
Same kveld, kl 19.30, står "The imitation game" frå 2014 på programmet. Den norske regissøren Morten Tyldum gjorde stor suksess med sin Hollywood-debut om matematikaren Alan Turing, og korleis han i stor grad bidro til å løyse sentrale nazikoder under andre verdskrig. Aldersgrense 9 år.
24. Mars - Skjærtorsdag - kjem ei Filmsalongframsyning utanom programmet: Påskekrim-spesial! Det er mykje krim der ute, men som alle veit, varierande kvalitet. "LA Confidential" frå 1997 er imidlertid ei suveren hardkokt kriminalhistorie frå ein heit og korrupt vestkysthovudstad på starten av 50-talet. Om du ikkje har sett han, og likar krim med mange overraskingar, så er dette filmen for deg. Vel møtt!
Kommentarar