Februarprogrammet på Hjørundfjord Filmteater: 
Denne månaden har vi ikkje månedens film for barn og vaksne, men vi har i staden heile tre dagar med spesialframsyningar!

Først ut er Filmsalongen med klassikaren "Broen over Kwai" frå 1957, torsdag 11.02 kl 19.30. Fleire har ynskja denne filmen, og her kjem han! Dette er ein skikkeleg godbit med action, spenning, glimrande skodespelarar og ein fengslande historie. Ikkje minst fantastisk musikk!

broen over kwai hportal

Sundag 14.02 kl 19.30 er det Valentinardagen og sjølvsagt skal må det markerast med ein romatisk sukkerbit av ein film "P.S I Love you". Bedehuset på Sæbø blir omgjort til reine kjærleiksredet for høve. Her er berre å ta med seg mannen, gubben, dama, deiten, eller ein ven til ein heilt spesiell dag....kanskje får vi ein baby-boom på Sæbø i slutten av November?

PS i love you

Måndag 15.02 er det tid for Seniorfilm - denne gongen "Kongens tale". Allereie rekna som ein klassikar, eit solid og fengslande drama - og ei sann historie. NB! Filmen startar 15.30. Om du ikkje har sett denne filmen, anbefalast den på det sterkaste.

kongens tale