STORDUGNAD

Det er ein stordugnad kvart år som skal til for at vi kan drage i land  og presentere ei ny utgåve av årsskriftet ”Frå Hjørundfjord”.  Med redaktør Nils Taklo i spiss, men med ein flokk bidragsytarar, håper vi også i år å få i hamn eit nytt skrift, denne gongen er det nummer 38 som skal kome ut i god tid før jul.


Årsskrift framside


Fotonemnda ansvar for 20 sider

Boka skal innehalde artiklar og anna skriftleg stoff. Vi ønskjer og gode illustrasjonar. 

Siste året hadde Fotonemnda ansvar for 20 sider.  Det er eit sterkt ønskje om at fleire av bygdene kjem med sine bidrag. De som har tilknytning til bygda, leit etter gode foto frå tida for 50 år sidan: Altså tilbake til 1960-talet. Finn fram talande papirfoto eller negativ/slides. Skriv ned det du finn ut eller veit om fotoet / fotoa og send det til oss i fotonemnda.

I fotonemnda er desse med: Ole-Ragnar Riise, Knut Riise, Ivar Svein Mo,  Torbjørn Urke og Per Urke. Ring eller skriv til den du kjenner best og la vi få fram korleis vi kan få dette til. Vi må ha minst like mange sider komande år, altså minst 20 sider.

Sistnemnde er leiar i nemnda og har slik e-postadr.: per.urke@mimer.no  Telefon: 70141968/95100583.

EIT EKSEMPEL frå 2015

Bilete nr. 15 Glade  skuleelevar. Sogelaget, Husta

For å vise eit eksempel frå siste årsskrift, kopierer vi bidraget:

”Glade elevar på Sæbø skule.”

Sæbø skule vart ferdig i 1957. Fotografen har her samla eit knippe av jenter som har stilt opp ved ei av trappene til andre høgda. Utifrå alder på gruppa, trur vi at dette biletet er teke i samband med opninga. Og jentene ser ut til å vere glade over nyeskulen.

Bilettekst:

Dei seks bak f.v.: Kari E. Frøland, Berit Hovdevik, Randi Maud Sæbønes, Sissel Holen, Magnhild Årseth, Randi Urkegjerde.

Dei fire i midten: Ann Marit Sæbønes, Anne Elisabet Sæbønes, Arnhild Holen, Torill Hjellen.

Dei fem nærast: Randi Strandmann, Elise Sæbønes, Kanutte Sæbønes, Johanne Eide, Elise Hjellen.   Foto: Anders Hustadnes