Eit uventa vennskap

Søndag 31. Januar er det tida for årets første framsyningar på Hjørundfjord Filmteater. Begge filmane handlar om møtet mellom personar som har lite eller ingenting til felles. Men til trass for ulikskapane vinn vennskapet fram, og dei lærer at dei begge er avhengige av kvarandre for å klare seg. Ein bodskap vi alle kan ta med oss i kvardagen. Her på Sæbø er vi nemleg flinke til å sjå kvarandre for dei vi er, trass ulik alder, bakgrunn og interessefelt

Klokka 17.00 viser vi familiefilmen "Se opp" frå 2009. Denne filmen har aldersgrense 7 år, så yngre må ha fylgje av vaksne. Filmen er av mange rekna som selskapet Pixar sitt meisterverk, og er ein særs sjarmerandre film. Ein aldrande ballongseljar er lei av storbyen og bestemmer seg for å følge drøymen sin - reise til Sør-Amerika! Og kva er ikkje betre transportmiddel en sjølve huset, med hundrevis av heliumballongar knytta til?! Men ikkje alt går etter planen, ein speidergut har forvilla seg med som blindpassasjer… I Sør-Amerika ventar eit eventyr dei aldri vil gløyme.


Se opp


"De Urørlige" frå 2011 er ei dramakomedie om det overraskande venskapet mellom ein funksjonshemma mangemillionær og ein arbeidsledig innvandrar, som ender opp som assistenten hans. Sjølv om dei to i utgangspunktet ikkje har noko til felles finn dei raskt tonen på herleg vis, og lærer kvarandre mykje om kva livet har å by på. Ein publikumsvinnar og feel-goodfilm av dei sjeldne! Framsyning klokka 19.30. Aldersgrense 7 år. 


de urørlige