Med fleire kritikarroste album bak seg har Stig Ulv etablert seg som ein dyktig formidlar og artist.
I vakre Hjørundfjord kyrkje vil musikken hans få ei unik ramme, og konserten vil verte teken opp på film for å inngå i ein dokumentar om artisten. Vil du dele denne opplevinga saman med oss og Stig, sett av palmesøndag kveld, ta med ein ven og kom!
Arrangør er Hjørundfjord sokneråd.
Billettar kr 150,- vert selde ved inngongen.
Vi oppmodar folk om å parkere bilen i Sæbø sentrum og rusle opp til kyrkja dersom ein kan.
Velkomen skal du vere!
Helsing Hjørundfjord sokneråd
Kommentarar