Det er nokon som ser oss..

Hjørundfjord og Norangsfjord

er ein lang artikkel som presenterer området vårt for den som er interessert og som finn fram på nettet til Portalen. Presentasjonen har ei rekkje foto og kart saman med lang tekst og er derfor ikkje så publikumsvennleg med tanke på at alt skal vere kort og kjapt.

Presentasjonen er å finne både på norsk, engelsk og tysk.  Det er meint at ineresserte skal få eit visst innblikk om fjorden og bygdene langs med. Endestasjon er grensa mot Stranda i Norangsdalen.

KH Frå Leknesnakken

Knut Hustad sitt foto frå Leknesnakken .

Otolhornet nordover.Hilde Sæbønes

Hilde Sæbønes sit foto frå Otålhornet illustrerer fjorden .

Og så "tallenes tale":

Det er råd å sjekke opp kor mange som opnar denne presentasjonen som ligg under stikkordet "Tourist information" på Portalen. Vi veit sjølvsagt ikkje kor mange som verkeleg les stoffet. 

Men 01.01.2016 er tala slik:

Engelsk:    11.235

Norsk:        4.833

Tysk:          3.846

SUM:        19.914

URKE: Guide/omvisar

ligg og som oppslagsstoff i venstre margen på Hjørundfjordportalen under Tourist Information. Her er det og en del som tittar inn og vi kan tillate oss å tenkje at det er nokon som finn nytte/glede av å sjå slikt stoff. 


URKE - guide/omvisar her slike tal pr. 01.01.2016:  7.701


Eg skal ikkje uttrykke anna enn det som tala viser.  Kanskje er det grunnlag for å seie at det er nokon som ser oss!??