Quizen feirar no 1 år og har vorte ein stor suksess. På det meste har vi vore over 90 personar og 18 lag på ein quiz-kveld. Sist gong var det litt dårlegare oppmøte, men vi håper at dette vil ta seg opp og at folk vil nytte seg av dette sosiale og kjekke tilbodet som vi har på Sæbø.

Kven som helst, over 18 år, kan møte opp.  Kom sjølv om du ikkje har vore med tidlegare. Alle skal få plass på eit lag. Ta gjerne med ein ven, nabo, kollega e.l. Dette er kjekt!