Ungdomslaget arrangerar ungdomskveldar, diskotek frå barnehagealder til 10.klasse, LAN-party, karneval , juleverkstadar, og vi er ansvarlege for teatergruppa i dalen. Vi er òg opne for andre spennande aktivietar for barn og unge, så har du ein god idè eller tankar om dette så ynskjer vi deg velkommen denne kvelden.

Vi har òg eit stort ynskje om å få i gong aktivitet i den flotte og ein gong berykta Bondalsparken. Der scena stod, har vi tenkt å bygge opp ei ny scene eller tilsvarande. Vi har gode midlar til å byggje denne, men manglar desverre nokon med kapasitet og evne til å bygge den. Er DU ein som kan hjelpe oss med dette? Vi håper å få til ei arbeidsgruppe som kan få til ein kjekk uteplass for alle som vil bruke parken.

Dersom vi skal kunne oppretthalde dei kjekke tilboda som barn og unge i dalen og fjorden brukar i dag, så treng vi fleire som vil hjelpe oss. Vi har desverre ikkje nok personar i styret til å halde ungdomslaget i drift etter årsmøtet som skal vere 10. februar. Det å sitje i styret er ikkje så mykje jobb, då vi prøver så godt vi kan å fordele aktivitetane og oppgåvene som skal gjerast. Vi har ca 2-3 møter i halvåret, og fleire dersom det er behov. Vi fordelar oss på yngre barn og ungdomar, slik at vi har kvar våre ansvarsområder der det er mogleg. På dei større arrangementa vi har, samarbeidar vi om oppgåvene som skal gjerast. Vi har òg eit ynskje om å få inn ungdomar som representerar ungdomen i bygda - desse vil då hjelpe oss på arrangement og delta på nokon av møta våre.

Dersom du sit no og tenkjer at dette kunne vore noko for deg, ynskjer vi at unge som eldre, nye som gamle i dalen og fjorden velkomne til vår interessekveld. Det er ikkje eit møte som gjer at du blir med i styret, men kanskje din idè kan redde ungdomslaget vårt.

Vi håpar vi ser deg kl. 19.30Bondalen Grendahus denne kvelden!