Statistikkar:

Det er no ved årsskifte 10 år sidan Hjørundfjordportalen kom skikkeleg i gong, så vi har eit lite jubileium å sjå tilbake på. Hjørundfjordportalen genererte i 2015 ca. 126000 brukarøkter mot 156650 økter i 2014. Dette viser ein svak nedgong i aktiviteten på portalen som vi håpar på å få snu i 2016.

Hjørundfjordportalen rettar ei stor takk til dei som har vore aktive gjennom heile året og skrive gode artiklar med flotte bilde, kommentert og delt. Utan dokke hadde ikkje portalen vore det same. Vi håper at folk støttar opp om portalen også i 2016.

Endringar på portalen no og framover

Nokre har kanskje allereie lagt merke til at portalen har vorte tettare integrert med facebook. I første rekke er det nok likar-knappen folk ser, men i bakgrunnen viser no også innlegga ein delar på facebook informasjonen betre fordi koda er tilpassa facebook sin måte å dele på. I innloggingsdelen av portalen har det også skjedd endringar. Du kan no logge inn med både brukarnamn, epostadressa di, facebook eller google.

Innlogging med facebook / google skjer på den måten at om du har ein brukar på portalen med same epostadressa vert du automatisk logga inn på den kontoen. Har du ikkje konto vert det automatisk oppretta ein konto for deg.

Vi har også styrka passordkrypteringa slik at alle passord no vert betre tekne vare på.

Den største endringa som er under utrulling vert nok at vi slår ihop artiklar/nyhende. Det vil altså ikkje verte eit skille på desse lenger.

Planen er å gjennomføre endringar på portalen slik at han vert lettare å bruke. Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar frå dokke om kva som er litt tungrodd og kva som kunne ha vorte betre. Ta kontakt med oss på den måten du vil. Du kan gjerne bruke facebook-sida til Hjørundfjordportalen.

Og no statistikkane...

2015 / 2014

Økter frå søk på nettet: 53,36 % / 47,46 % (Endring −9,56 %)
Sidevisningar: 254 049 / 332 289 (−23,55 %)
Direkte trafikk: 30,13 % / 32,87 % (Endring −26,26 %)
Sosiale media: 12,25 % / 14,77 % (Endring −33,27 %)
Treff frå andre sider: 4,26 % / 4,90 % (Endring −29,99 %)

Mest brukte nettlesar: Google Chrome

Portalen har i snitt 250 faste brukarar pr. dag og 4 132 faste brukarar pr. mnd.

Dei mest leste innlegga per månad i 2015 (Sidevisningar i parantes):

Januar

Konge i eget liv (1433)
Friluftlivets år har starta (895)

Februar

Den kristne gaukungen (1186)
Helselagskafê på Hjørundfjordheimen (913)

Mars

Påskerebus 2015 (1061)
Badenymfer i paradis! (1029)

April

Hjørundfjorddagane 2015 (725)
No startar trimgruppa opp sesongen! (595)

Mai

Fest og gåvedryss på Sæbø (824)
Fredsmarsj 70 år etter 8.mai 1945 (763)

Juni

Gunnar-råsa og Storenakken (1035)
Hjørundfjordheimen på hyttetur (947)

Juli

Tua på Sæbøneset spesial (704)
Festivalstemning på Keipen (702)

August

Glitrande tur til Grøthaugen (768)
Haustfest (619)

September

Hjørundfjordheimen på Hurtigrutetur (797)
Thereseråsa til Holesetra (617)

Oktober

Eit landemerke måtte desverre vekk (827)
Haustfest med Fjellbingovinnarane (504)

November

Julemesse på Sæbø 22. november (445)
Vellukka open dag på Hjørundfjordheimen (442)

Desember

Førjulsaktivitetar på Hjørundfjordheimen (357)
Innebandygjengen ynskjer alle GODT NYTTÅR (333)