Eg har ein musikalsk dugnad på gong - Frendefinansiert flygel!
Når ein småbrukar og pianist vender heim til garden ved fjorden, synest eg vi skal løfte i lag og gi han eit flygel! John Inge Leira Bjøringsøy har flytta attende til heimbygda si. Og han er ikkje berre småbrukar, med også ein dugandes pianist!

Det er stas når unge folk flytter attende til bygda for å bygge seg eit liv der! Det har framtidstru og håp i seg.

Eg trur at ein hundrelapp eller to til dette flygelet er ei investering i mykje god musikk i åresvis framover. Alle opplysningar de treng om initiativet og kontonummer og Vipps finn de på FB-sida på linken under :-) Du finn informasjonen der sjølv om du ikkje har eigen FB-konto. Sida vert oppdatert med status for innsamlinga.


Vi bør vete å verdsette og ta vare på lokale musikk-krefter , og gje dei gode kår for å utvikle seg - det kan verte mykje fin kortreist musikk av slikt!

Lik gjerne sida, del den, og - viktigast - gje ditt bidrag, lite eller stort til musikklivet!

Ein pianist sprer musikken sin som ringar i vatnet - ved å spele saman med song- og instrumentalsolistar, spele med kor og korps og i ulike musikkgrupper og sjangre, og åleine. Så i sum vert det er ei gåve til dykk sjølve like mykje som til pianisten :-)

Venleg helsing
Bente Mangerud
trombonist og musikkven