Den tradisjonelle festen 3.juledag samlar mykje folk og tilreisande benytter høve å få treffe kjentfolk frå bygda som dei gjerne ikkje ser så ofte.

Festen startar med program som er laga av nemnda som vert utpeikt kvart år. Her er musikkinnslag, teaterframsyning, opplesing av lagsboka der forskjellige slysne gjennom året er beskreve på ein fin måte. Og før programmet vert avslutta er det utnemning av årets Bondaling.

Det er BFUL som deler ut prisen, og her er det også vorte tradisjon etterkvart, at det er Åse-Lill Leknes Kvistad og Janne Aamaas Solhaug, som står for utdelinga.

Dei to opna med å fortelje om årets pris og litt om bakgrunnen bak prisen. Det er i år 25-års jubileium for prisen og dermed er det 25 prisar som er utdelte. Det har med andre ord vore kandidatar kvart år. 3 organisjonar/lag har fått prisen og den fyrste prisen vart delt ut til Arne Lied i forbindelse med opninga av Grendahuset.

Det har vore forskjellige premiar til prisen og i år er det ny fin sak etter den gamle leverandøren hadde slutta. I år er det ei stor lykt med bilde av Bondalen, teke av turdamene som brukar sommaren til å halde folk i trim. I tillegg fekk prisvinnar den faste diplomen som er sjølve dokumentasjonen på prisen.

Kandidaten 2015 følgjer krava til å ha gjort noko meir enn andre for bygda utan å ha eigennytte sjølv.

I begrunnelsen som styret i Bondalen Frilynde ungdomslag gitt, las nemnda sin

DSC02868
Lykta er kjøpt på KID interiør og utsmykka med bilde frå
Bondalen.

representant opp:

"Det første eg tenker på når det gjeld Årets Bondaling er dugnad. Eg får ofte høre fra folk eg kjenner andre stader, at vi på Sæbø får til so mykje, at vi har eit heilt spesielt samhold og ei heilt spesiell dugnadsånd, og at dette er noko vi virkelig bør være stolte over. Men når vi bur i ei lita bygd, så må en stille opp å gjere det lille ekstra for at utviklinga i bygda ikkje skal stoppe opp. Og har en barn og vil at også dei skal ha ulike tilbud og fritidsaktivitetar, må ein også her gjere ein innsats. Då må ein stille opp å kjøre dei på kampar, ein må
ta på seg ulike verv i ulike styrer og ein må stille opp på dugnadar.
Og det kan
til tider bli ganske tøft og vanskelig å strekke til. Det veit vi alle. Men der er alltid nokon som klarer og strekke seg litt lenger enn andre, og Årets Bondaling er ein av desse «kvardagsheltane» som gjer det han kan for at hjula skal gå rundt her i bygda. Og han gjer det han kan for at barna i bygda skal trivast både på skulen og på fritida. Han stiller alltid opp og er positiv og engasjert. Han er også ein viktig person på folkefesten på 17 mai og Hjørundfjorddagane, og ikkje minst har han vore til stor hjelp for oss i BFUL i mange år.
Årets Bondaling 2015 og nr 27 i rekka av enkeltpersonar som får denne
prisen, er Aanon Aanonsen."

Årets Bondaling 2015 - Aanon Aanonsen.


DSC02863-2
Ei stolt og ydmyk vinnar av Årets Bondaling 2015 heime i stova.


Årets prisvinnar har runda førti og han er gift med Hege Rekkedal Pedersen og dei har 4 born ilag. Dei har bygt seg hus på heimegarden til Hege på Villane i Bondalen.

Aanon er utdanna dataingeniør og kom til Bondalen i 1998 og var tilsette i UniCom AS i Ørsta første åra. Vidare har han jobba med data og kommunikasjon på sjukehuset i Volda og i dag er han nettverksingeniør for fiberutbygginga til Tussa.

Med Aanon har Bondalen fått tilflytta ein lun og godsleg sørlening frå Mandal som også veit kva han vil når det gjeld. Ein kar som ikkje stikk seg så mykje fram, men som vi merkar godt når han ikkje er der.

Aanon har vore innom mange lag og fellestiltak i Bondalen, i den, i grunnen, korte tida han har budd her. Som nemnda skriv, så er det enkelte som greier å strekke til meir enn andre. Han har vore leiar handballgruppa, styremedlem i BFUL, leiar for foreldreutvalet på skulen (FAU) i 5-6 år. Han er også vore fast å sjå dei siste åra, bak misksepulten for sitt eige lydanlegg på 17.mai og ellers andre tilstellingar på skulen. Deriblant det årlege musikkprosjektet som skulen har med elevar.

BFUL som gjev han prisen, har også fått mykje god hjelp av Aanon. I tillegg til han har sete i styret, har han vore blant eldsjelene bak LAN- samlingane på grendahuset. Her har han bidrege med sin kompetanse og med utstyr som han har skaffa frå sponsorar.

DSC00948
Her er prisvinnaren iferd med å pakke ned lydutstyret etter ei gudsteneste.

Men ei sak som Aanon brenn for er kyrkja og innhaldet der. Han har vore leiar i 6 år i Hjørundfjord Sokneråd og nerstleiar i Ørsta Kyrkjelege Fellesråd. Her har han brukt mykje krefter på drift av kyrkja og vidare bruk av prestegarden, men ikkje alt har gått så lett.
Det er også denne mannen som har fått skikk på den vanskelege lyden i kyrkja og etter han gjekk av i soknerådet har han jobba tett i lag med vår nye sokneprest. Vi kunne sjå han bak lydmiksen både på Jonny Cash og Elvis gudstenestene, som må være noke av høgdepunkta ifjor.

Men ein kan lure på kvar denne mannen tek sin energi ifrå. Sist haust var det leiarkrise i Sæbø idrettslag og fare for nedlegging. Der trådde Aanon til å berga situasjonen og sit i dag som leiar. I tillegg er han leiar for fondet for gamle aldersheimen.

Ein velfortjent pris gjekk til denne mannen og ros til BFUL som gav han prisen.

Gratulerer Aanon, Årets Bondaling 2015