13. desember er det klart for ny framsyning på Hjørundfjord filmteater. 
Først ut er "Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa" (2013). Filmen er tillaten for alle. I filmen nærmer det seg jul, men snøen uteblir, så Reodor Felgen blir nøydd til å finne opp ein snømaskin. Diverre hamnar denne hos den skruppellause avisredaktøren Frimand Pløsen. Då må Solan og Ludvig trå til, for å redde jula! Ein film for heile familien! 

jul i flåklypa 2

jul i fålpklypa 3

Om kvelden er det film for vaksne - og noko så spanande som ein musikkthriller! "Whiplash" (2014). Aldersgrense 11 år. Andrew er ein talentfull trommeslagar, som er villeg til å ofre alt for å nå langt. Han vert pressa hardare og lenger mot stupet av den kompromisslause og tyranniske mentoren Terrence. Filmen gjekk sin seiersgong på kino i fjor.

whiplash

whiplah 2