Førjulsaktivitetar.
Mat må ein ha , her ventar det omelett til kveldsmat, namm....
Godt med eit fong som ein kan sitte på, alltid kjekt med besøk.
Marjia rullar håret til Anna, Grethe er fornøgd med resultatet.
Karen kan sine kunstar, pianokonsert?
Bente trenar på firhendig pianospeling i lag med Karen.
Sigrun med ny permanent til jul, Margrete kjem å ordnar permanent og klipp til dei som vil ha, for ein luksus.
Tenk å ha vår eigen husfrisør.
Julebaksten er klar og noke er allereide oppete, så då må vi bake meir.
Dei kunstige treda kan leitast opp tidleg, Ragnhild må kjenne på om det verkelig ikkje er ekte.
Julekrubba er koma på plass med lys og Jesusbarnet klart.
Smeisande gode sjakkruter.
Hår og neglestell i spaavdelinga, Borgny, Mari Anne, Margrete, Agnes og Randi.
Det gjer godt å få stellt håret, damene nyt behandlinga.
Her får to gode vener ein kjekk prat, Arne gratulerer Petrine so mykje med dagen.
Kake må til , Petrine feirar her sin 102 års dag, tenk det!
Linda ordnar med flagg på bordet, og gratulasjoner.
So lekkert med påsmurde skiver, fint pynta til kvardags.
Emma Nathalie har teikna eit flott bilde til oss.
(S) kattekiste er godt å ha i middagskvilda.
Frå fellesvaskeriet i Ørsta får vi reine arbeidskle, vi skal ikkje vrenge av oss kleda men legge dei til vask rett veg.
Slik kjem buksene tilbake når vi har vrengt dei av oss, Sigrun held opp eksemplaret.
Sjerp dokke folkens!
Ha ei god og triveleg førjulstid!
Kommentarar