Filmsalongen Jule-spesial 17. desember!
Filmen “It’s a wonderful life” (1946) er ein fast juletradisjon i USA, der dei fleste nok har sett han opp til fleire gonger. Men så er det ein vidunderleg film også. Som i mange av Frank Capra sine filmar handlar det om den hardtarbeidande, ærlege kvardagsmannen, og hans kamp for rettferd og det gode. Og den stiller spørsmålet vi alle har spurt oss sjølve: Korleis ville livet vore om eg aldri hadde vore til? For vi betyr kanskje meir i kvarandre sine liv enn vi trur sjølv. Kanskje særleg på mindre stadar, som til dømes Sæbø. Slik er det også i Bedford Falls, der vi vert kjend med George Bailey, familien hans og alle dei andre innbyggjarane. Ein tidlaus klassikar, og for mange (underteiknande inkludert) den ultimate julefilmen! Eg vil seie at den etter kvart er like obligatorisk som juletreet, det vert rett og slett ikkje jul utan. Velkommen til Hjørundfjord Filmteater 17.12 kl 19.30. Om du ikkje har fått julestemninga til då, så er den herved garantert! Aldersgrense: tillaten for alle, men passar best for større barn og vaksne. Norsk tekst, engelsk tale, ein nydeleg Blu-Ray kopi.


its 11its 12