I dag, fredag den 4. desember opna Kanutte(Nutte) og Dagfinn(Daffa) dørene til Strands  Bakeri på Sæbø - bakeriet som ligg like ved ferjekaia.

Bakeri tømmerb 010
Dei siste dagane har Kanutte og Dagfinn m.a. laga sirupssnippar og
sandkaker.

I bakeriet bak kafeterian vil bakar Dagfinn lage ferske bakarvarer kvar dag, dvs. både brød og bollar, skulebollar og wienerbrød og sjølvsagt vil julebrøda også vere heilt ferske. I tillegg kjem alt det andre - ikkje misnt julekakene. Alt er steikt i bakeriet sin steinomn.

Opningstider:

Kvardagar:          1000 - 1630

Laurdagar:          1000 - 1430

Vesle julaftan:  1000 - 1400

Og Dagfinn opplyser at også i år vil dei ha julekaker og kransekaker for dei som har cøliaki.

Til slutt opplyser Kanutte og Dagfinn at det kan vere klokt å ikkje vente til siste dagen med å handle julekaker.  Om du så gjer kan der vere tomt i hyllene.  Og heilt til slutt må det nemnast at kafeterian har same opningstider som bakeriet.  Ferjeventing, kaffi og gode bakarvarer er ein god kombinasjon.

Hjarteleg velkomne.  Kanutte og Dagfinn.